NO*Biscuit boys

Historia bak val av rase må man nok gå mange år tilbake i tid til ein liten gut som forelska seg i katten i ein bestemt film, bok og kjent eventyr. Nemleg Cheshirekatten, den fargerike stripete katten med det store smilet. Det måtte gå ein del år før drømmen om ein egen Cheshirekatt kunne oppfyllast og det var først i 2011 at den første katten flytta inn.

NO*Biscuit boys blei oppretta i 2012 gjennom NRR sitt medlemskap. Vi har i dag 3 kattar i vårt oppdrett som bur saman med oss. Der 1 av dei kommer i frå vårt eige oppdrett og resten er henta i frå Tyskland og Danmark.

Vi driv oppdrett med britisk korthår. Rasen kan ein lett kjenne igjen utifrå det karakteristiske smilet, det runde hovudet og den kraftige kroppen. Rasen er kjent for å være kjærlig og rolig, og er ein veldig populær katterase. Våre katter viser til alle desse trekka og er samt veldig leikne. Rasen har god helse og er veldig lettstelte på grunn av den korte pelsen. Rasen kommer i mange ulike farge variantar, der vi har prioritert den blå fargen.

Om oss

Vi er to søsken som saman driv oppdrettet. Vi har alle tider hatt blandingskattar i heimen mens vi vaks opp, men sette stor pris på denne rasen. Rasen har ein veldig flott karakter som vi begge likar. Vi har fleire kattar som bur saman og som likar kvarandre sitt selskap, du kan lese om kvar enkelt katt på deira side.

Vi ønskjer å tilby kattungar som har gode linjer, samt temperament, og håper at dei som vel å kjøpe kattunge med oss er einig i dette. Vi vil gjerne at dei enkelte som er interesserte i våre kattungar tek kontakt med oss slik vi veit at kattane kjem til ein god heim.

Lokalisert

1524933_10151992253862097_52094323_n-1.jpg

Oppdrettar er lokalisert i Bergen, men vi har kattane både i Sogndal i Sogn og Fjordane og Ulsteinvik på Sunnmøre der vi er frå.

Medlemskap & Utstilling

Vi er begge med i VKK. På utstillingsfronten er vi rundt om kring i heile Norge, ta gjerne kontakt med oss dersom du er på utstilling eller har lyst til å komme innom å helse på oss. Meir om katt, utstilling og spørsmål sjå: VKK